Salmane 80

Reis oss opp att, Herre!

1 Til korleiaren. Etter «Liljene».

Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2 Høyr oss, Israels hyrding,

du som fører Josef som ¬ei hjord!

Du som tronar over kjerubane,

vis deg i stråleglans

3 for Efraim, Benjamin ¬og Manasse!

Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp!

4 Reis oss opp att, Gud,

lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

5 Herre, Allhærs Gud,

kor lenge vil du la ¬din vreide ryka

mot folket ditt som bed til deg?

6 Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta,

og tårer må dei drikka ¬i fullt mål.

7 Du lèt våre grannar stridast ¬om oss,

og fiendane spottar oss.

8 Reis oss opp att, Allhærs Gud,

lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

9 Eit vintre reiv du opp i Egypt,

du dreiv folkeslag ut ¬og planta det.

10 Du rudde grunnen for det,

så det røtte seg og fylte landet.

11 Skuggen av det gøymde fjell,

greinene løynde ¬mektige sedrar.

12 Det tøygde rankene ut til havet

og renningane heilt ¬til Storelva.

13 Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet,

så alle som går framom, ¬kan plukka,

14 så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det,

og krypet på marka ¬kan eta av det?

15 Vend deg hit att, Allhærs Gud,

skoda ned frå himmelen og sjå!

Ta deg av dette vintreet,

16 verna om det ¬som du har planta

med di høgre hand,

– sonen som du har gjeve ¬styrke!

17 Dei som brende opp treet ¬lik avfall,

skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål.

18 Hald di vernande hand ¬over han

som er ved di høgre side,

over mennesket ¬som du har gjeve styrke.

19 Så vil vi aldri vika frå deg.

Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg!

20 Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud,

lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!