Kor lenge vil de døma urettferdig?
1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med ¬dei ugudelege?Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause ¬til deira rett,
frikjenn dei arme og ¬trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen ¬under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske ¬skal de døy,
som ein av fyrstane ¬skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, ¬og hald dom på jorda,
for alle folkeslag ¬er din eigedom.