Salmane 83

Bøn om hjelp mot Israels fiendar

1 Ein song. Ein Asaf-salme.

2 Gud, hald deg ikkje i ro,

ver ikkje still og tagal, Gud!

3 For sjå, dine fiendar er ¬i opprør,

dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet.

4 Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk,

dei held samråd ¬mot dei du vernar:

5 «Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk,

så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!»

6 Dei held råd og vert samde,

så gjer dei samband mot deg:

7 dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt,

moabittane og hagrittane,

8 Gebal, Ammon og Amalek,

filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;

9 jamvel Assur går i lag med dei

og låner sin arm ¬til Lots søner.Sela

10 Gjer med dei som med Midjan,

med Sisera og Jabin ¬ved Kisjon-bekken.

11 Dei fekk si endelykt ¬ved En-Dor

og vart til gjødsel på marka.

12 Lat det gå deira stormenn ¬som Oreb og Se’eb

og alle deira fyrstar ¬som Sebah og Salmunna!

13 For dei seier:

«Vi vil ta Guds bustader ¬i eige.»

14 Min Gud, lat dei verta ¬lik ein kvervlande tistel,

lik halmstrå som fyk ¬for vinden.

15 Som elden brenner opp ¬ein skog

og logane set fjell i brann,

16 så må du jaga dei ¬med ditt uver

og skræma dei med din storm.

17 Lat deira andlet raudna ¬av skam,

så dei spør etter ditt namn, ¬Herre.

18 Lat dei skjemmast ¬og skræmast for alltid,

lat dei verta vanæra ¬og gå til grunne!

19 Gjev dei må skjøna ¬at einast du,

du som ber namnet Herren,

er Den Høgste over all jorda.