Salmane 84

Gleda i Herrens hus

1 Til korleiaren. Etter Gittit.

Av Korah-songarane. Ein salme.

2 Kor elskelege dine bustader er,

Herre, Allhærs Gud!

3 Mi sjel lengta, ¬ja brann av lengsle,

etter Herrens tempelgardar.

No jublar hjarta og kropp

mot den levande Gud.

4 Ja, fuglen har funne ein heim,

svala har fått seg eit reir,

der ho kan leggja sine ungar,

ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud,

min konge og min Gud.

5 Sæle er dei som bur i ditt hus,

dei skal alltid lova deg.Sela

6 Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg,

dei som lengtar etter Œ fara opp til templet.

7 Når dei fer gjennom ¬den turre dalen,

gjer dei han til ein kjeldevang;

haustregnet legg si signing ¬over han.

8 Dei går frå kraft til kraft,

til dei stig fram for Gud ¬på Sion.

9 Høyr mi bøn, Herre, ¬Allhærs Gud,

lyd etter, du Jakobs Gud!Sela

10 Gud, vårt skjold, ¬vend augo hit,

og sjå på han som du har salva!

11 Ja, éin dag i dine tempelgardar

er betre enn tusen andre.

Å stå ved dørstokken ¬til Guds hus

er betre enn å bu ¬i telt med gudlause.

12 For Herren vår Gud ¬er sol og skjold,

Herren gjev nåde og ære.

Den som er ærleg i si ferd,

nektar han ikkje noko godt.

13 Herre, Allhærs Gud,

sæl er den ¬som set si lit til deg.