Salmane 85

Godleik og sanning skal møta kvarandre

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Ein salme.

2 Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre,

Jakobs lagnad har du vendt.

3 Du tok bort skulda åt folket ditt

og tilgav alle deira synder.Sela

4 All din harme tok du tilbake,

din brennande vreide ¬lét du fara.

5 Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar,

vend din uvilje bort frå oss!

6 Vil du vera harm på oss ¬for alltid

og la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?

7 Vil ikkje du gje oss liv på nytt,

så ditt folk kan gleda seg i deg?

8 Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre,

og gjev oss di frelse!

9 Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier.

For han talar fred ¬til sitt folk,

til sine trugne,

– berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!

10 Ja, hans frelse er nær

for dei som ottast han;

hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.

11 Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre,

rettferd og fred ¬kyssa kvarandre.

12 Truskap skal gro opp or jorda

og rettferd sjå ned ¬frå himmelen.

13 Då gjev Herren det ¬som godt er,

og landet vårt ber si grøde.

14 Rettferd går framføre han,

og frelse fylgjer i hans fotefar.