Borgarrett i Sion
1 Av Korah-songarane. Ein salme.
Ein song.
Byen er grunnlagd ¬på heilage fjell.
2 Herren elskar Sion
mest av alle Jakobs bustader.
3 Herlege ting er sagde om deg,
du Guds by.Sela
4 Eg reknar Egypt og Babylonia
mellom dei som kjenner meg.
Om dei som bur i Filistarland, ¬Tyrus og Nubia,
heiter det: «Dei er fødde der.»
5 Men om Sion skal det seiast:
«Der er alle fødde.»
Den Høgste sjølv ¬har grunnfest byen.
6 Når Herren skriv opp folka,
tel han og seier:
«Her er denne fødd.»Sela
7 Så syng dei og dansar og seier:
«Alle mine kjelder er i deg.»