Salmane 90

Lær oss å telja våre dagar!

1 Ei bøn av gudsmannen Moses.

Herre, du har vore ein bustad

for oss frå ætt til ætt.

2 Før fjella vart fødde,

før jorda og verda vart til,

ja, frå æve til æve er du, Gud.

3 Du lèt mennesket verta ¬til støv att

og seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4 For tusen år er i dine augo

som dagen i går ¬då han fór framom,

eller som ei nattevakt.

5 Du riv menneska bort,

dei er som ein svevn.

Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6 Om morgonen gror det ¬og blømer,

om kvelden er det vise og turt.

7 Vi går til grunne ¬ved din vreide,

redsle grip oss ved din harme.

8 Våre misgjerningar ¬har du for auga,

vår løynde synd vert synleg

i ljoset frå ditt åsyn.

9 Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide,

åra går som ein pust.

10 Vår levetid er sytti år,

og åtti år, når styrken er stor.

Deira herlegdom er strev ¬og møde;

snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11 Kven kjenner styrken ¬i din vreide,

kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

12 Lær oss å telja våre dagar,

så vi kan få visdom i hjarta!

13 Kom attende, Herre! ¬Kor lenge?

Ha medynk med dine tenarar!

14 Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn,

så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar.

15 Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss,

like mange år ¬som vi har lide vondt.

16 Lat dine tenarar få sjå ¬di gjerning,

og vis din herlegdom ¬for deira born!

17 Gjev Herrens velvilje ¬må vera over oss!

Gjev du må fremja ¬våre henders verk,

ja, fremja våre henders verk!