Salmane 96

Syng ein ny song for Herren!

1 Syng ein ny song for Herren,

syng for han, all jorda!

2 Syng for Herren, ¬pris hans namn,

forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

3 Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom,

mellom alle folk ¬om hans under!

4 Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

5 Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.

Det var Herren ¬som skapte himmelen.

6 Høgd og herlegdom ¬er framføre han,

makt og glans i hans tempel.

7 Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

8 Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha!

Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!

9 Bøy dykk ned for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10 Sei mellom folka: ¬Herren er konge;

ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.

Han dømer folka med rettferd.

11 Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla,

havet og alt som er i det, ¬skal brusa.

12 Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,

kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.

13 Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem;

han kjem og vil døma jorda.

Han skal døma verda ¬med rettferd

og folka med truskap.