1 Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
Domen over Jerusalem
2 Eg riv bort,
alt riv eg bort frå jorda,
lyder ordet frå Herren.
3 Eg riv bort både folk og fe,
fuglen i lufta og fisken i sjøen.
Eg fører dei ugudelege til fall
og rydjar menneska ut av jorda,
lyder ordet frå Herren.
4 Eg retter ut handa mot Juda,
mot alle som bur i Jerusalem.
Eg tek bort frå denne staden
alt som er att av Ba’al,
og namnet åt avgudsprestane
saman med prestane.
5 Eg rydjar ut dei som tilbed
himmelhæren på taka,
dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,
men samstundes sver ¬ved Milkom,
6 og dei som har vendt ¬Herren ryggen,
som ikkje søkjer Herren
og ikkje spør han til råds.
7 Ver still for Herren Gud,
for Herrens dag er nær!
Herren har laga til ¬ei offerslakting,
han har vigt sine gjester.
8 På Herrens slaktofferdag ¬skal det henda
at eg straffar hovdingar ¬og kongssøner
og alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt.
9 Den dagen vil eg straffa
alle dei som stig opp ¬på pallen,
dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik.
10 Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,
skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,
jammer frå Nybyen
og sterkt brak frå haugane.
11 Hyl, de som bur i Morteren,
for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,
utrudde er alle ¬som vog opp sølv.
12 På den tid skal det henda
at eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lykt
og krev mennene der ¬til rekneskap,
dei som sit stive ¬over bermen av sin vin
og seier med seg sjølve:
«Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.»
13 Eigedomen deira ¬skal plyndrast
og husa deira øydeleggjast.
Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,
plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.
Herrens dag er nær
14 Nær er Herrens dag, den store;
han er nær og kjem med hast!
Høyr, beisk er Herrens dag,
då ropar krigaren høgt.
15 Den dagen er ein vreidedag,
ein dag med naud og trengsle,
ein dag med storm og herjing,
ein dag med mørker ¬og dimme,
ein dag med skyer og skodd,
16 ein dag med hornlåt og hærrop
mot dei faste borger
og mot dei høge tårn.
17 Då vil eg gjera folk så redde
at dei går ikring som blinde,
for dei har synda mot Herren.
Blodet deira ¬skal kastast ut som avfall
og kjøtet deira som møk.
18 Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei.
På sin vreidedag skal Herren
i sin brennhug ¬øyda heile jorda.
For han gjer ende, ja brå ende
på alle som bur på jorda.