Ljoset sloknar for den gudlause
1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2 Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord?
Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved!
3 Kvifor skal vi reknast som fe?
Trur de at vi er ureine?
4 Du som riv deg sund i vreide,
skal jorda øydast for di skuld
og fjellet flyttast frå sin stad?
5 Ljoset sloknar for den gudlause,
det logar ingen eld på hans åre.
6 Ljoset i teltet hans går ut,
og lampa sloknar for han.
7 Hans sterke steg vert hindra,
han fell for sin eigen plan.
8 Hans føter vert fanga i garnet,
og han går i nettet.
9 Snara grip han om hælen,
rennelykkja held han fast.
10 Garnet han går i, ¬er løynt på jorda,
snara ligg på hans veg.
11 Redsler skræmer på alle kantar,
dei jagar han ¬kvar han set sin fot.
12 Ulukka hungrar etter han,
undergang står ferdig ¬attmed han.
13 Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke,
ein drepande sjukdom ¬et hans lemer.
14 Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt;
du fører han bort ¬til redselskongen.
15 Andre kan bu ¬i det teltet han åtte,
svovel vert strøytt ¬på hans bustad.
16 Nede i jorda turkar hans røter,
og ovantil visnar hans greiner.
17 Hans minne kjem bort ¬frå landet,
ingen nemner hans namn ¬på gata.
18 Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret,
dei jagar han ut or verda.
19 Han har ikkje born,
ingen etterkomar i sitt folk;
der han budde, ¬slapp ingen unna.
20 Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad,
og i aust vert dei gripne ¬av redsle.
21 Ja, så går det ¬med nidings bustad,
med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud.