Job 25

Gud har velde og valdar redsle

1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2 Gud har velde og valdar redsle,

han skaper fred ¬i sin høge himmel.

3 Kan nokon telja hans fylkingar?

Får ikkje alle sitt ljos frå han?

4 Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud,

kan den som er fødd ¬av ei kvinne, vera rein?

5 Jamvel månen ¬skin ikkje klårt nok for han,

i hans augo ¬er ikkje stjernene reine.

6 Kor mykje mindre då ¬menneskekrypet,

mannen – den makken han er?