Job 26

Guds skaparmakt

1 Då tok Job til ords og sa:

2 Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mann

og støtta ein arm ¬som ikkje har styrke!

3 Du gav råd ¬til den som vanta visdom,

og stort skjøn lét du han få.

4 Kven hjelpte deg til å finna ord,

kven kjem ho ifrå,

den ånda som går ut frå deg?

5 Daudingane skjelv av angst ¬der nede,

vatnet og alt som held til i det.

6 Dødsriket ligg ope for Gud,

undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.

7 Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna,

hengt jorda opp ¬over det tome rom.

8 Vatnet sveiper han i skyer,

og skylaget brest ikkje ¬under det.

9 Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstol

når han breier sine skyer ¬ut under den.

10 Han har drege opp ¬himmelranda over havet,

der grensa går ¬mellom ljos og mørker.

11 Søylene under himmelen skjelv,

lamslegne er dei når han trugar.

12 Han rørte opp havet ¬med si kraft

og knuste Rahab i sin klokskap.

13 Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen.

Med si hand ¬har han gjennombora

ormen som rømer så raskt.

14 Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk;

det er som å høyra ei kviskring.

Kven kan då skjøna den tora

som lyder når han gjer storverk?