Job klagar si naud
1 Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin.
2 Han tok til ords og sa:
3 Bort med den dagen ¬då eg vart fødd,
den natta då det vart sagt:
«Ein gut er avla.»
4 Gjev den dagen ¬vart stummande mørk!
Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter han
og ljosstrålar aldri skein på han.
5 Gjev kolmørker kravde han,
gjev skyer la seg over han
og solmørking skræmde han.
6 Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta,
så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagar
og ikkje kom med ¬i månadstalet.
7 Ja, gjev den natta ¬vart utan frukt
og aldri vart helsa med jubel.
8 Lat dei lysa forbanning ¬over henne,
dei som manar fram ¬ulukkedagar,
og som kan eggja opp Leviatan.
9 Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast,
lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem,
lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar!
10 For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for meg
og løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn.
11 Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd,
kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda?
12 Kvifor tok dei meg på fanget
og la meg til brystet ¬så eg fekk mat?
13 No kunne eg ha lege still
og sove i fred og ro
14 saman med kongar ¬og styresmenn
som bygde seg slott ¬der det no er ruinar,
15 eller med stormenn ¬som åtte gull,
og fylte husa sine med sølv.
16 Eller eg hadde ikkje vore til,
som eit nedgrave foster,
lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.
17 Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir,
der kviler dei ¬som har mist si kraft.
18 Alle fangar kan ta det med ro,
dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.
19 Der er små og store like,
og trælen er fri frå herren sin.
20 Kvi gjev han ljos ¬til den som lid,
kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?
21 Dei ventar fåfengt på døden
og søkjer han med større iver
enn ein grev ¬etter løynde skattar.
22 Dei ville gleda seg og jubla,
ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.
23 Dei er folk som ingen utveg ser,
Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.
24 Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød,
mine klagerop strøymer ¬som vatn.
25 Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg,
no hender det eg grua for.
26 Eg får ikkje fred, ¬ikkje ro og kvile,
det kjem berre nye plager.