Eg vil gjera rekneskap for mitt liv
1 Eg har gjort ein avtale ¬med augo mine
at eg ikkje skal sjå på ei møy.
2 Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen,
kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?
3 Ulukke kjem over den ¬som gjer urett,
og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.
4 Ser ikkje Gud korleis eg ferdast,
tel han ikkje alle mine steg?
5 Skulle eg ha fare med svik
og vore snar på foten ¬til å lura folk?
6 Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt,
så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.
7 Har eg bøygt av frå vegen
og med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta,
finst det flekker ¬på mine hender,
8 då kan ein annan få eta ¬det eg har sått,
og grøda kan rivast opp ¬med rot.
9 Har eg late meg dåra ¬av kvinner,
har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,
10 då skal kona mi ¬mala korn for ein annan
og andre få bøya seg ¬ned over henne!
11 For det ville vera skamlaus ferd,
ei misgjerning ¬som fører til straff,
12 ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen;
han skulle øyda all mi avling.
13 Krenkte eg retten ¬når eg hadde sak
med min træl ¬eller mi trælkvinne,
14 kva skulle eg då gjera
når Gud stod opp til doms,
kva skulle eg svara
når han granska mi sak?
15 Han som skapte meg i mors liv,
har ikkje han skapt ¬den andre òg?
Er det ikkje den same Gud
som har forma oss begge ¬i mors liv?
16 Har eg sagt nei til småkårsfolk
når dei bar fram sine ynske,
og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?
17 Har eg ete mitt brød åleine,
så farlause ikkje ¬fekk smaka det?
18 Nei, som ein far ¬har eg fostra dei
heilt frå min ungdom,
og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.
19 Kunne eg sjå
at nokon flakka ikring ¬utan klede,
at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?
20 Måtte han ikkje velsigna meg
fordi han fekk verma hoftene
med ull frå lamma mine?
21 Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus,
fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,
22 så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakken
og armen min gå or led!
23 For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud,
kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.
24 Har eg sett mi von til gull
eller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?
25 Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka,
fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?
26 Når eg såg at solljoset stråla
og at månen steig i sin glans,
27 då lét eg meg aldri dåra
til å hylla dei med løynlege ¬kyss.
28 Nei, det hadde vore ¬ei misgjerning
som førte til straff;
då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.
29 Har eg gledt meg ¬over min fiendes fall
eller jubla når ulukka råka han?
30 Eg lét aldri min munn ¬få synda så
at eg forbanna han ¬og ynskte han døden.
31 Mitt husfolk kan sanneleg seia:
«Fekk ikkje alle eta seg mette
av kjøtet på hans bord?»
32 Og aldri laut ein framand liggja
utfor mitt hus om natta;
eg opna dørene for farande folk.
33 Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk,
og gøymt mi skuld ved barmen,
34 av di eg var redd ¬for den store hopen,
knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar,
så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?
35 Gjev einkvan ville høyra ¬på meg!
Sjå, her er mi underskrift
– lat Den Allmektige ¬svara meg!
Gjev eg hadde det skrivet
som min motpart har sett opp!
36 Då skulle eg ta det på aksla,
setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!
37 Eg skulle svara han ¬for alle mine steg
og møta han som ein fyrste.
38 Dersom min åker skrik ¬imot meg
og alle hans fòrer græt,
39 dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraft
og gjort livet tungt ¬for dei som eig han,
40 så lat det veksa klunger ¬i staden for kveite
og ugras i staden for bygg!
Her endar Jobs ord.