Korleis går det dei fromme og dei gudlause?
1 Elihu heldt fram og sa:
2 Ha tol med meg ei lita stund,
så skal eg læra deg noko;
for eg har endå meir å seia ¬om Gud.
3 Langt bortanfrå ¬vil eg henta min kunnskap
og syna at min skapar har rett.
4 Det er sanneleg ikkje lygn, ¬det eg seier;
det er ein kunnskapsrik mann ¬du har for deg.
5 Sjå, Gud er sterk og mektig,
men han vrakar ikkje ¬dei fromme.
6 Dei gudlause held han ikkje ¬i live,
men han lèt dei hjelpelause ¬få sin rett.
7 Han tek ikkje augo ¬frå dei rettferdige,
men lèt dei for alltid ¬sitja med ære
saman med kongar ¬på sine troner.
8 Vert dei bundne med lekkjer
og fanga i tynande snarer,
9 så er det fordi han vil minna dei
om all den synd ¬dei har gjort i sitt hovmod.
10 Han opnar øyra deira ¬for åtvaring
og byd dei venda om ¬frå det vonde.
11 Om dei då høyrer og tener han,
får dei leva i lukke ¬alle sine dagar,
i herlegdom og glede ¬alle sine år.
12 Men vil dei ikkje høyra,
skal dei gjennomborast av spyd
og missa livet i si vitløyse.
13 Støtt er dei gudlause harme
og ropar ikkje til Gud om hjelp
når han har bunde dei.
14 Dei døyr i sin ungdom ¬og endar sitt liv
lik menn som driv tempelutukt.
15 Han bergar armingar ¬i deira naud,
gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra.
16 Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle,
til open mark ¬der ingenting tyngjer.
Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter.
17 Du skal fullføra domen ¬over vonde menn,
lov og rett skal råka dei.
18 Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spott
eller store løysepengar ¬føra deg på avveg!
19 Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsle
om du så brukar all di makt?
20 Du skal ikkje lengta ¬etter den natta
då folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad.
21 Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap,
så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.
Guds makt i naturen
22 Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.
Kven er ein lærar som han?
23 Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja?
Kven kan seia at han gjer urett?
24 Kom i hug at du skal prisa ¬hans gjerningar,
som menneska syng om.
25 Alle menneske ser dei ¬med glede,
endå dei berre skimtar dei ¬langt borte.
26 Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje,
ingen kan granska ¬hans tallause år.
27 Han dreg vassdropar opp til seg
og lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet.
28 Det renn og dryp frå skyene
ned over mange menneske.
29 Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv,
og korleis det dyn ¬under hans telt?
30 Sjå, han breier ljos ikring seg.
Han gøymer havsens djup.
31 Med regnet kan han straffa folk,
og med det ¬kan han gje dei mat i mengd.
32 Han sveiper hendene i ljos
og lèt lynet fara mot sitt mål.
33 Tora fortel at han er i kjømda,
jamvel feet varslar ¬at han dreg fram.