Job 38

Herren talar til Job

1 Då svara Herren Job or stormen:

2 Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklår

med uvituge ord?

3 Spenn beltet om livet ¬som ein mann!

Så vil eg spørja deg,

og du skal svara meg.

4 Kvar var du ¬då eg grunnla jorda?

Sei fram, om du har skjøn!

5 Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel?

Kven spente mælesnor ut ¬over henne?

6 Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned,

og kven la hennar hjørnestein,

7 medan alle morgonstjerner ¬jubla,

og alle Guds søner ¬ropa av fryd?

8 Kven stengde for havet ¬med portar,

då det braut skummande fram ¬frå djupet,

9 den gong eg kledde det ¬med skyer

og sveipte det i mørke skodda,

10 den gong eg sette grense for det

og stengde med bom og dører?

11 Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger,

her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer.

12 Har du nokon gong ¬kalla morgonen fram

og synt morgonroden hans stad,

13 så han tek tak i endane av jorda

og rister dei gudlause av?

14 Då tek ho form ¬som leira under seglet,

og alt syner seg ¬som i nytt skrud.

15 Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde,

og armen dei lyfte, vert knust.

16 Har du nått fram ¬til havsens kjelder

og ferdast på botnen ¬av det store djup?

17 Har dødens portar ¬vist seg for deg,

har du sett dørene ¬til den kolmørke staden?

18 Har du skoda ut ¬over viddene på jorda?

Sei frå om du kjenner alt dette.

19 Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset,

og kvar held mørkret til?

20 Så ta dei med til deira heimstad,

du kjenner stigane til deira hus.

21 Du veit det ¬om du har levt så lenge

at du var til då dei vart skapte.

22 Har du vore ¬der snøen kjem ifrå,

har du sett staden ¬der haglet ligg?

23 Eg har spart dei til trengselstida,

til det kjem ein dag ¬med kamp og krig.

24 Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg,

og der austavinden ¬breier seg over jorda?

25 Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet,

og kven brøytte veg ¬for tore og lyn,

26 så det regnde ¬over folketomt land,

over øydemark der ingen bur,

27 så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn,

og graset grodde or grunnen?

28 Har regnet ein far?

Og kven har avla doggdropane?

29 Kva morsliv kjem vel isen frå,

kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,

30 når vatnet frys og vert som stein

og flata ¬på havdjupet ligg under is?

31 Kan du knyta Sjustjerne-bandet

eller løysa Orions lekkjer?

32 Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid,

eller leia Løva og hennar ungar?

33 Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen?

Fastset du hans velde ¬over jorda?

34 Kan du lyfta di røyst til skyene,

så vatnet fløymer ned over deg?

35 Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stad

og seier til deg: «Her er vi»?

36 Kven har gjeve ibisen visdom,

kven har late hanen få vit?

37 Kven er så klok ¬at han kan telja skyer,

og kven tømer vatn ¬or himmel-kara,

38 når jorda hardnar og fastnar,

og molda klumpar seg saman?