Josva 16

Efraim

1 Den delen av landet som fall på Josefs-sønene, tok til bortmed Jordan-elva, der ho renn framom Jeriko. Grensa gjekk austanfor Jeriko-kjelda, gjennom øydemarka som frå Jeriko stig opp i fjellet til Betel.

2 Frå Betel heldt ho fram til Lus og så gjennom arkittlandet til Atarot.

3 Der tok ho vestover til jafletittlandet, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet.

4 Dette landet var det Josefs-sønene, Manasse og Efraim, fekk til odel og eige.

5 Såleis låg det til, det landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk: I aust gjekk landegrensa deira frammed Atrot-Adar, heldt fram til Øvre Bet-Horon

6 og enda utmed havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat; så svinga ho austover til Ta’anat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah.

7 Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na’ara og beint framom Jeriko til Jordan.

8 Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk.

9 Og attåt det fekk dei alle byane og landsbyane som vart utskilde åt dei i det landet som høyrde Manasse-sønene til.

10 Men dei dreiv ikkje ut dei kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande i Efraim, som dei gjer den dag i dag. Men dei laut gjera tvangsarbeid.