Salmane 1

Dei to vegane

1 Sæl er den som ikkje fylgjer

råd frå gudlause menneske

og ikkje slår inn på syndarveg

eller sit i lag med spottarar,

2 men har si glede i Herrens lov

og grundar på hans lov ¬dag og natt.

3 Han er lik eit tre,

planta ved rennande bekker:

Det gjev si frukt i rette tid,

og lauvet visnar ikkje på det.

Alt det han gjer, skal lukkast.

4 Så er det ikkje ¬med dei gudlause.

Dei er lik agner ¬som spreiest for vinden.

5 Difor skal ingen gudlaus

stå seg når domen fell,

og ingen syndar vera med

der dei rettferdige samlast.

6 For Herren kjenner vegen Œt dei rettferdige,

men vegen åt dei gudlause

fører til undergang.