Salmane 10

1 Kvifor er du så langt borte, ¬Herre,

kvifor løyner du deg ¬i trengselstider?

2 Dei gudlause jagar ¬i sitt hovmod ein stakkar,

men vert sjølve fanga ¬med dei knep dei fann på.

3 Den gudlause skryter ¬av si grådige lyst,

den griske forbannar ¬og vanvørder Herren.

4 Den gudlause seier ¬med hovmodig mine:

«Han krev meg ikkje ¬til rekneskap!

Det finst ingen Gud.»

Så tenkjer han alltid.

5 Han har lukka med seg ¬i alt han gjer;

dine domar er altfor høge ¬for han.

Han blæs ¬åt alle sine motstandarar.

6 Han seier med seg sjølv:

«Eg skal ikkje rikkast,

og aldri skal eg lida naud.»

7 Hans munn er full ¬av forbanning,

full av svik og vald;

han har urett ¬og vondskap på tunga.

8 Han ligg på lur ved gardane

og drep i løynd den skuldlause.

Han speidar etter ¬sitt verjelause offer;

9 han ligg på lur ¬som løva i krattet

og vil gripa stakkaren ¬frå sitt bakhald,

fanga han og ta han i garnet.

10 Han dukkar seg ned ¬og krøkjer seg saman,

og den verjelause fell ¬for hans overmakt.

11 «Gud gløymer,» ¬seier han med seg sjølv,

«han løyner sitt andlet ¬og ser aldri.»

12 Reis deg, Herre!

Lyft di hand, Gud,

gløym ikkje dei hjelpelause!

13 Kvifor skal dei gudlause ¬vanvørda Gud

og seia med seg sjølve:

«Du krev ikkje til rekneskap?»

14 Du ser både møde og sorg,

du ser det alt ¬og tek det i di hand.

Den verjelause ¬kan gje seg over til deg,

for du er ein hjelpar ¬for farlause.

15 Bryt armen på den ¬som er gudlaus og vond,

krev han til rekneskap ¬for hans gudløyse,

så ho ikkje må finnast meir.

16 Herren er konge ¬for evig og alltid,

framande folk ¬skal rydjast ut or hans land.

17 Herre, du høyrer ¬kva dei hjelpelause ynskjer,

du vender øyra til ¬og gjev dei mot.

18 Dei som er farlause og trælka,

hjelper du til deira rett.

Menneske som er av jorda,

skal ikkje lenger valda redsle.