Herren held meg oppe
1 Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin.
2 Herre, kor talrike ¬mine fiendar er!
Mange er dei som reiser seg ¬mot meg.
3 Mange er dei som seier om meg:
«Det er ikkje frelse for han ¬hjå Gud.»Sela
4 Men du er eit skjold for meg, ¬Herre,
du er mi ære, ¬du lyfter mitt hovud.
5 Då eg ropa høgt til Herren,
svara han meg ¬frå sitt heilage fjell.Sela
6 Eg la meg ned og sovna
– og vakna, ¬for Herren held meg oppe.
7 Eg er ikkje redd ¬om ti tusen mann
fylkar seg mot meg ¬på alle kantar.
8 Reis deg, Herre! ¬Frels meg, min Gud!
For du slår ¬alle mine fiendar på kinnet
og knuser tennene ¬på dei vonde.
9 Hjå Herren er det frelse.
Lat di signing ¬kvila over ditt folk!Sela