Kveldssong
1 Til korleiaren. Med strengespel.
Ein Davids-salme.
2 Når eg ropar, så svar meg,
du Gud som er mi rettferd.
I nauda fann du utveg for meg.
Ver meg nådig, og høyr mi bøn!
3 De menneske, kor lenge
skal mi ære krenkjast?
Kor lenge vil de elska fåfengd
og jaga etter lygn og svik?Sela
4 Vit at Herren gjer under
for den som er trufast mot han.
Herren høyrer ¬når eg ropar til han.
5 Skjelv av redsle ¬og synda ikkje meir,
tenk dykk om på lega, ¬og ver stille!Sela
6 Ber fram dei rette offer,
og set dykkar lit til Herren!
7 Det er mange som seier:
«Gjev vi fekk oppleva lukke!
Lat ljoset frå ditt åsyn
skina over oss, Herre!»
8 Du gjev meg større glede ¬i hjarta
enn dei andre har
når dei får korn og vin i mengd.
9 I fred vil eg leggja meg ned ¬og sova.
For du, Herre, einast du
lèt meg kvila trygt.