Kva er eit menneske?
1 Til korleiaren. Etter Gittit.
Ein Davids-salme.
2 Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn
er over all jorda,
du som har breitt ut ¬din prydnad på himmelen!
3 Av munnen på småborn ¬og spedborn
har du reist deg eit vern ¬mot dine fiendar,
så du kan stagga ¬kvar motstandar
som trår etter hemn.
4 Når eg ser din himmel, ¬eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene ¬som du har sett der,
5 kva er då eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, ¬sidan du tek deg av det?
6 Du gjorde han lite ringare ¬enn Gud,
med ære og herlegdom ¬krona du han.
7 Du sette han til herre ¬over dine henders verk,
alt la du under hans føter:
8 sauer og oksar, alle i hop,
ja, jamvel dei ville dyr ¬på marka,
9 fuglen i lufta og fisken i sjøen,
alt som ferdast ¬på havsens stigar.
10 Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn
er over all jorda!