Jesaja 11

Frelsarkongen og riket hans

1 Ein kvist skal renna ¬or Isai-stuven,

ein renning skal skyta opp ¬frå hans røter.

2 Herrens Ande ¬skal kvila over han,

Anden med visdom og vit,

Anden med råd og styrke,

Anden som gjev kunnskap ¬om Herren

og age for han.

3 Han skal ha sin hugnad ¬i age for Herren.

Han skal ikkje døma ¬etter det han ser,

og ikkje skifta rett ¬etter det han høyrer.

4 Han skal døma armingar ¬med rettferd,

fella rettvis dom ¬for dei verjelause i landet.

Han skal slå valdsmenn ¬med riset i sin munn

og drepa dei gudlause ¬med anden frå sine lipper.

5 Rettferd skal vera ¬beltet om livet

og truskap ¬beltet om hoftene hans.

6 Då skal ulven bu saman ¬med lammet,

og leoparden liggja i lag ¬med kjeet.

Kalv og ungløve ¬skal beita saman,

og ein smågut skal gjæta dei.

7 Ku og bjørn skal gå og beita,

ungane deira skal liggja i lag,

og løva skal eta halm ¬som oksen.

8 Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen,

og veslebarnet skal retta ut ¬si hand

mot bolet åt eiterormen.

9 Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagn

på heile mitt heilage fjell.

For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren,

liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

10 Den dagen skal folkeslag søkja

til renningen or Isais rot.

Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka,

og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom.

Dei bortførte skal venda heim att

11 Då skal Herren endå ein gong

retta ut si hand og vinna att

den resten som er leivd ¬av folket hans,

frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia,

frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene.

12 Han skal reisa ei fane for folka,

samla dei bortdrivne av Israel

og føra det spreidde ¬Juda-folket

heim att ¬frå verdsens fire hjørne.

13 Då skal Efraims avund kverva

og Judas fiendskap verta ¬utrudd.

Efraim skal ikkje misunna Juda

og Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim.

14 Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest,

og saman plyndrar dei ¬stammene i aust.

Dei legg si hand ¬på Edom og Moab,

og ammonittane må lyda dei.

15 Då skal Herren turka ut

havbukta ved Egypt

og svinga si hand over Eufrat,

kløyva elva ¬med sin sterke storm

så ho vert til sju bekker,

der folk kan gå turrskodde ¬over.

16 For resten av Herrens folk

som vert berga frå Assur,

skal det vera ein jamn veg

som det var for israelittane

den dagen dei drog ut ¬or Egypt.