Jesaja 10

Kva vil de gjera på rekneskapsdagen?

1 Ve dei som gjev ¬urettferdige lover

og føresegner som er til ulukke!

2 Dei driv småkårsfolk bort ¬frå retten

og tek frå dei verjelause ¬i mitt folk

det dei har rett på.

Enkjene gjer dei ¬til sitt hærfang,

og farlause plyndrar dei.

3 Men kva vil de gjera ¬på rekneskapsdagen,

når stormveret kjem ¬langt bortanfrå?

Kven vil de fly til etter hjelp,

og kvar vil de gjera ¬av rikdomen dykkar?

4 Då er det ingen annan utveg

enn å siga i kne mellom fangar

eller å falla mellom dei drepne.

Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

Domen over Assurs hovmod

5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven ¬i hans hand.

6 Eg sende han ¬mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk ¬eg var harm på,

så han kan røva ¬og rana og plyndra

og trakka det ned ¬som avfall i gata.

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

8 Han seier: ¬«Er ikkje mine stormenn

kongar alle saman?

9 Gjekk det ikkje Kalno ¬som Karkemisj?

Gjekk det ikkje Hamat ¬som Arpad,

og Samaria som Damaskus?

10 Når mi hand har nått til ¬dei rika

der dei dyrka andre gudar,

og der det var fleire gudebilete

enn i Jerusalem og Samaria,

11 skulle eg ikkje då ¬kunna gjera det same

med Jerusalem ¬og gudebileta der

som eg gjorde med Samaria ¬og gudane der?»

12 Men når Herren har fullført ¬alt sitt verk

på Sion-fjellet og i Jerusalem,

då krev eg Assur-kongen ¬til rekneskap

for fylgjene ¬av hans hovmodige ferd

og for trassen ¬i hans stolte augo.

13 For han har sagt:

«Dette har eg gjort ¬med mi sterke hand,

og i min visdom, for eg er klok.

Eg sletta ut grenser ¬mellom folkeslag

og plyndra skattane deira.

I mitt velde ¬støytte eg fyrstar frå trona.

14 Mi hand greip etter rikdomen Œt folka

som ein grip etter eit fuglereir.

Som ein samlar inn egg ¬når fuglen er flogen,

har eg samla alle land på jorda.

Det fanst ingen ¬som rørte ein veng

eller opna nebben og peip.»

15 Briskar vel øksa seg ¬mot den som høgg,

set saga seg over den ¬som sagar?

Som om staven skulle svinga ¬han som lyfter han,

og stokken lyfta han ¬som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, ¬Allhærs Gud,

senda tærande sjukdom

mellom assyrarkongens ¬sterke menn.

Under all hans herlegdom ¬skal det kveikjast ein eld,

og som eit bål skal han loga.

17 Israels ljos skal verta ein eld,

Israels Heilage ein loge

som brenn i landet hans

og øyder både torn og tistel

på ein einaste dag.

18 Han skal gjera ende ¬på rubb og stubb

i dei herlege skogane ¬og hagane hans.

Det skal gå ¬som når ein sjuk tærest bort.

19 Dei tre som vert att i skogen,

skal vera lette å telja;

ein smågut kan skriva dei opp.

Ein rest vender om og vert frelst

20 Den dagen skal Israels rest

og dei av Jakobs ætt ¬som er berga,

ikkje lenger stø seg ¬til han som slo dei,

men trufast stø seg

til Herren, Israels Heilage.

21 Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob,

til den veldige Gud.

22 For om folket ditt, Israel,

var talrikt som havsens sand,

skal berre ein rest venda om.

Øyding er fastsett,

ho velt fram med rettferd.

23 For Herren, Allhærs Gud,

lèt den fastsette øyding

koma over all jorda.

24 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Mitt folk, du som bur på Sion,

ver ikkje redd for Assur

når han slår deg med stokken

og lyfter staven sin mot deg,

som dei gjorde i Egypt.

25 For om ei lita stund

er harmen min slokna,

og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.

26 Då skal Herren, Allhærs Gud,

svinga ei svepe over dei,

som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget.

Han skal retta staven sin ¬ut over havet

og lyfta han sameleis ¬som i Egypt.

27 Den dagen skal det henda

at han tek børa av akslene dine

og åket av halsen din;

åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.

Fienden på veg mot Jerusalem

28 Fienden kjem over Ajjat

og dreg gjennom Migron;

han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas.

29 Så fer dei over skaret:

«I Geba gjev vi oss til ¬for natta!»

Rama skjelv av redsle,

folket rømer frå Sauls Gibea.

30 Skrik høgt, du Gallim-by!

Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot!

31 Folket i Madmena flyr,

i Gebim bergar dei seg unna.

32 Alt i dag vil fienden stå i Nob

og svinga handa ¬mot Sion-fjellet,

mot Jerusalems-høgda.

33 Sjå, Herren, Allhærs Gud,

høgg greinene av ¬med skræmeleg kraft.

Høge tre vert felte,

røslege tre sig i bakken.

34 Den tjukke skogen ¬vert hoggen med øks,

Libanon fell for Den Veldige.