Jesaja 9

1 Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.

Fredsfyrsten

2 Det folket som ferdast ¬i mørkret,

skal sjå eit stort ljos;

over dei som bur i ¬skuggelandet,

skal ljoset stråla.

3 Du lèt dei fegnast,

gjer gleda stor.

Dei gleder seg for ditt åsyn

som ein gleder seg ¬i kornskurden,

som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.

4 For det tunge åket,

stonga over nakken deira

og staven åt drivaren deira,

har du brote sund ¬som på Midjans dag.

5 Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny,

og kvar kappe dregen i blod,

skal brennast og verta til føde ¬for elden.

6 For eit barn er oss født,

ein son er oss gjeven.

Herreveldet kviler ¬på hans aksler,

og han skal kallast:

Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud,

Evig Far, Fredsfyrste.

7 Så skal herredømet ¬verta stort

og freden utan ende

over Davids kongsstol

og over riket hans.

Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppe

med rett og rettferd

frå no og til evig tid.

I sin brennhug

skal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.

Gud retter ut si hand til straff

8 Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob,

det har slege ned i Israel.

9 Dei har fått merka det, ¬heile folket,

dei som bur i Efraim ¬og Samaria.

Men stolte og hovmodige ¬sa dei:

10 «Teglsteinsmurar ¬har rasa saman,

vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein.

Morbærtre er felte,

vi plantar sedertre i staden.»

11 Då lét Herren Resin,

deira fiende, ¬reisa seg mot dei,

og han eggja ¬deira motstandarar.

12 Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vest

og slukte Israel med vidope ¬gap.

Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

13 Men folket vende ikkje om

til han som slo det,

dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.

14 Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale,

palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.

15 Dei eldste og stormennene ¬er hovudet,

profetane som lærer lygn, ¬er halen.

16 Dei som førte dette folket, ¬førte vilt,

og dei som lét seg leia, fór vilt.

17 Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deira

og hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer;

for alle var gudlause ¬og gjorde vondt,

kvar einaste munn ¬tala dårskap.

Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

18 Ja, gudløysa brenn som eld

og øyder torn og tistel;

ho set tjukke skogen i brann,

og røyken stig høgt til vers.

19 Landet er sett i brann

fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm,

og folket vert til føde ¬for elden.

Det er ingen ¬som sparer sin bror.

20 Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne,

dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette.

Kvar og ein et sin neste,

21 Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse,

og saman kastar dei seg ¬over Juda.

Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.