Gud kallar Jesaja til profet
1 I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet.
2 Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei.
3 Dei ropa til kvarandre:
«Heilag, heilag, heilag ¬er Herren Sebaot.
All jorda er full ¬av hans herlegdom.»
4 Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk.
5 Då sa eg:
«Ve meg! Det er ute med meg.
For eg er ein mann ¬med ureine lipper,
og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper,
og augo mine har sett Kongen,
Herren, Allhærs Gud.»
6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret.
7 Med den rørte han ved munnen min og sa:
«Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine.
Di skuld er borte, ¬di synd er sona.»
8 Så høyrde eg Herrens røyst:
«Kven skal eg senda,
og kven vil gå for oss?»
Då sa eg: «Sjå, her er eg, send meg!»
9 Og han sa:
«Gå og sei til dette folket:
Høyr og høyr, men håtta ikkje!
Sjå og sjå, men skjøna ikkje!
10 Gjer hjarta hardt på ¬dette folket,
gjer øyro tunghøyrde, ¬klin augo att,
så det ikkje ser med augo
eller høyrer med øyro
eller skjønar med hjarta
og vender om og vert lækt!»
11 Då spurde eg: «Kor lenge, Herre?» Han svara:
«Til byane er aude ¬og folketome,
til husa står utan folk,
og landet ligg ¬som ei øydemark.»
12 Langt bort ¬skal Herren senda folket,
audt og tomt skal det verta ¬i landet.
13 Og finst det enno att ¬ein tiandepart,
skal den òg øydast ut,
som når ei eik ¬eller terebinte vert felt,
og berre ein stuv står att.
Stuven skal vera ¬eit heilagt sæde.