Jesaja 4

1 Den dagen skal sju kvinner

ta fatt i ein og same mann ¬og seia:

«Vi skal sjølve fø og kle oss,

berre vi får bera ditt namn.

Ta bort vår vanære!»

Sions frelse og herlegdom

2 Den dagen ¬skal Herrens renning

vera til prydnad og ære

og landsens frukt gild og fager

for dei som slapp unna i Israel.

3 Dei som er att på Sion

og etterleivde i Jerusalem,

skal kallast heilage,

alle som er oppskrivne

til livet i Jerusalem.

4 Når Herren har vaska bort

ureinskapen hjå Sions døtrer

og skylt blodskulda ¬ut or Jerusalem

med doms- og reinsingsande,

5 då skal han skapa ¬ei røyksky om dagen

og ein lysande, logande eld ¬om natta

over heile Sion-fjellet

og over møtestadene der.

For over alt herleg ¬skal det vera eit dekke,

6 eit tak som skyggjer for heten ¬om dagen

og gjev livd og skjol ¬mot uver og regn.