Alt hjå deg er fagert
1 Kor fager du er, ¬min hugnad!
Kor fager du er!
Dine augo attom sløret ¬er som duer.
Ditt hår er som ein geiteflokk,
dansande nedetter Gileads ¬fjell.
2 Dine tenner ¬er som nyklypte sauer,
nett komne or laug.
Tvillingar har dei alle,
og ingen av dei ¬har mist sine lam.
3 Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor,
og yndefull er din munn.
Som ei skive av eit granateple
er di panne attom sløret.
4 Din hals er som Davids-tårnet,
bygt til våpenhus.
Tusen skjold heng der inne,
alle er skjold åt kjemper.
5 Din barm ¬er som to rådyrkalvar,
som tvillingar åt ei hind,
beitande mellom liljer.
6 Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,
går eg til myrraåsen,
til haugen der røykjelse angar.
7 Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad.
Det finst ikkje lyte på deg.
Mi syster, mi brur
8 Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur,
kom med meg frå Libanon!
Stig ned frå Amanas tind,
frå toppen av Senir ¬og Hermon,
frå løveheimar, frå panterfjell.
9 Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur.
Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast,
med ei av lekkjene om din hals.
10 Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur!
Din kjærleik er betre enn vin,
og angen av dine salvar
meir ljuvleg enn balsam.
11 Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur.
Honning og mjølk ¬er under di tunge.
Angen av kleda dine
er som angen på Libanon.
12 Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur,
ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.
13 Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar
med den gildaste frukt,
av hennabuskar ¬og nardusplanter,
14 nardus, krokus, kalmus ¬og kanel
og angande tre av alle slag,
myrra, aloë ¬og alle slag balsam.
15 Du er som kjelda i ein hage,
ei oppkome ¬med sildrande vatn,
som bekker frå Libanon.
16 «Vakna, nordavind!
Kom, sønnavind!
Blås igjennom min hage,
så angen får strøyma fritt.
Gjev min ven ville koma ¬til sin hage
og eta hans herlege frukt!»