Forkynnaren 11

Du veit ikkje kva som vil lukkast

1 Kast brødet ditt ¬på vatnet;

for med tida ¬finn du det att.

2 Del det du har ¬med sju eller åtte;

for du veit ikkje kva ¬for ulukker

som kan henda på jorda.

3 Når skyene vert fulle av regn,

auser dei det ut over jorda.

Fell eit tre, ¬mot sør eller nord,

vert det liggjande der det fall.

4 Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så,

den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta.

5 Likså lite som du veit

kva veg vinden blæs,

eller korleis beina vert til

hjå fosteret i mors liv,

likså lite kan du vita

korleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk.

6 Så ditt sæde om morgonen,

og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden.

Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast,

anten det eine eller det andre,

eller om alt er like godt.

Gled deg!

7 Ljoset er ein hugnad ¬for auga,

det gjer godt å sjå sola.

8 Om åra vert mange, ¬skal mennesket leva

og gleda seg over dei alle.

Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar,

for av dei vert det mange.

Alt som skal koma, er fåfengd.

9 Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung,

ver glad og nøgd i livsens vår!

Gå på dei vegar som hjarta vil,

fylg det som lokkar ditt auga!

Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskap

for alt det du har gjort.

10 Få sutene ut or din hug,

og hald det vonde frå livet!

For ungdomstida, livsens vår,

kverv som ein pust.