Ordtak om visdom og dårskap
1 Når ein lagar salve, ¬kan daude fluger
få oljen til å lukta og gjæra.
Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære.
2 Vismanns hug ¬står til det som er rett,
dårens hug ¬til det som er rangt.
3 Jamvel når dåren ferdast ¬på gata,
vantar han vit.
Han lèt alle sjå ¬at han er dum.
4 Om styresmannen harmast ¬på deg,
skal du ikkje gå frå din plass;
for sinnsro ¬kan hindra store synder.
5 Ein uting har eg sett ¬under sola,
eit mistak av den ¬som har makta:
6 at dårar kjem i høgsetet,
medan rikfolk må sitja nedst.
7 Eg har sett trælar ¬ri på hestar,
medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.
8 Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi;
den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.
9 Den som bryt stein, ¬kan få mein av det.
Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.
10 Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt,
må ein bruka di større kraft.
Den vise har større von ¬om å lukkast.
11 Når ein mann vert biten ¬av ein orm
før maningsordet er sagt,
kva gagn har han då ¬av si kunst?
Ver varsam i tale!
12 Den vise vinn velvilje
med orda han talar,
men dårens lipper ¬skader han sjølv.
13 Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap,
og det siste han seier, ¬er reine galskapen.
14 Dåren brukar mange ord;
men ingen veit ¬kva som skal henda.
Kven kan fortelja mannen
kva som skal koma ¬når han er borte?
15 Dåren masar så han vert trøytt,
han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen.
16 Ve deg, land ¬som har eit barn til konge
og stormenn som held gilde ¬frå morgonen av.
17 Sælt er du land
som har ein høgætta konge
og stormenn ¬som held måltid i rette tid,
sterke menn som ikkje drikk.
18 Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned,
og sit ein med hendene ¬i fanget,
dryp det inn i huset.
19 Folk held gjestebod ¬for å moroa seg,
og vinen gjev glede i livet.
Alt dette kan ein få for pengar.
20 Ikkje eingong i tankane
skal du forbanna kongen.
Jamvel ikkje i ditt soverom
må du forbanna den rike.
For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad,
dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt.