Alle får same lagnaden
1 Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta,
ville prøva ¬om rettferdige og vise
og det dei gjer, ¬er i Guds hand.
Inkje menneske kan vita noko
om det som ligg framføre,
om det er kjærleik eller hat.
2 Same lagnaden får dei alle,
både rettferdige og vonde,
den gode og reine ¬og den som er urein,
den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar.
Sameleis går det den gode ¬og syndaren,
sameleis den som sver,
og den som er redd for å sverja.
3 Det er det vonde med alt ¬som hender under sola,
at alle får same lagnaden.
Så lenge menneska lever,
er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse.
Og sidan må dei fara ¬til dei døde.
4 Det er von for den ¬som høyrer til
mellom alle dei levande.
Betre å vera ¬ein levande hund
enn ei daud løve.
5 Dei levande veit ¬at dei skal døy,
men dei døde ¬veit ingen ting.
Dei får ikkje lenger løn,
for minnet om dei er gløymt.
6 Deira kjærleik og hat ¬og misunning
er ende for lenge sidan.
Aldri i æve skal dei få del
i alt det ¬som hender under sola.
7 Så gå og et ditt brød ¬med glede,
og drikk din vin ¬med godt mot!
Gud har då for lenge sidan
samtykt i det du gjer.
8 Lat kleda dine ¬støtt vera kvite,
og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet!
9 Nyt livet med den kvinna ¬du elskar,
alle dagar i ditt fåfengde liv
som Gud har gjeve deg ¬under sola.
For det er din lut i livet
midt i alt det strev og slit
som du har under sola.
10 Alt det du kan gjera ¬med di hand,
skal du gjera etter beste evne.
For i dødsriket, ¬som du går til,
er det korkje arbeid ¬eller plan,
korkje kunnskap eller visdom.
11 Elles såg eg under sola:
Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet,
og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig;
dei vise får heller ikkje brød,
dei vituge vert ikkje rike,
og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje.
Tid og lagnad ¬møter dei alle.
12 For mennesket ¬kjenner ikkje si tid.
Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet,
eller fugl som har gått i snara,
såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid,
når ulukka ¬brått kjem over dei.
Folk vanvørder fattigmanns visdom
13 Eg har òg sett ¬korleis det går
med visdomen her under sola,
endå eg tykte han var så stor:
14 Det var ein liten by,
og der budde nokre få menn.
Så kom det ein mektig konge ¬mot han.
Han kringsette byen
og bygde store vollar mot han.
15 Det fanst der i byen
ein mann som var fattig, ¬men vis.
Han kunne berga byen ¬med sin visdom,
men ikkje eit menneske tenkte
på denne fattige mannen.
16 Då sa eg:
Visdom er betre enn styrke;
men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom,
og ingen høyrer ¬på det han seier.
17 Ord av vismenn ¬som høyrest i ro,
er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar.
18 Visdom er betre ¬enn krigsvåpen,
men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt.