Forkynnaren 6

Rikdom gjer ingen nøgd

1 Ei ulukke har eg sett ¬under sola,

ho kviler tungt på menneska:

2 Det hender ¬at Gud gjev ein mann

både rikdom og gods og ære,

så han ikkje vantar noko

av alt det han ynskjer seg.

Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det,

ein framand et det opp.

Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.

3 Ein mann kan få hundre born

og leva i mange år.

Men har han ikkje glede ¬av alt det gode,

kor lenge han lever,

og får han heller ikkje ¬ei grav,

då vil eg seia:

«Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»

4 For det kjem livlaust ¬til verda,

i mørker går det bort,

og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.

5 Det har ikkje sett dagsens ljos

og kjenner ikkje sola.

Likevel kviler det betre ¬enn han,

6 om han så hadde levt

i to gonger tusen år,

men ikkje fått røyna lukka.

Fer ikkje alle til same staden?

7 Mennesket strevar berre ¬for maten,

men det får aldri ¬stetta sin trong.

8 Kva føremon ¬har den vise framfor dåren?

Kva hjelper det ein stakkar Œ vita

korleis han skal ferdast ¬i livet?

9 Det er betre å sjå ¬på det ein har,

enn å gå der ¬med hug på noko anna.

Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Kven veit kva som er best?

10 Alt som er til,

er nemnt med namn ¬for lenge sidan;

og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta.

Ingen kan føra sak

mot den som er sterkare ¬enn han sjølv.

11 For di fleire ord, ¬di større fåfengd,

og kva gagn har mennesket ¬av det?

12 Ja, kven veit kva som er best

for menneska her i livet,

alle dei fåfengde dagane

dei lever som ein skugge?

Kven kan fortelja menneska

kva som skal henda etter dei ¬under sola?