Forkynnaren 4

Urett i samfunnet

1 Atter såg eg ¬på alle dei valdsverk

som vert gjorde under sola.

Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka,

og ingen trøysta dei.

Valdsmennene bruka makt,

og ingen trøysta.

2 Då prisa eg dei døde sæle,

dei som var borte ¬for lenge sidan.

Dei er betre farne ¬enn dei levande,

enn dei som enno er i live.

3 Men sælare enn begge

er dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verk

som vert gjorde under sola.

4 Eg såg at alt strev ¬og all dugleik

kjem av at den eine ¬misunner den andre.

Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

5 Dåren legg hendene i fanget

og tærer på sitt eige hold.

6 Det er betre å ha litt i neven

og få leva i ro

enn å ha begge hendene fulle

og streva og jaga etter vind.

7 Og endå meir fåfengd

vart eg var under sola.

8 Ein mann ¬står stundom heilt åleine,

utan son eller bror,

og likevel er det ingen ende

på alt hans strev;

han ser seg ikkje mett ¬på rikdom.

«Kven er det eg strevar for

så eg nektar meg sjølv ¬alt godt?»

Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.

Det er betre å vera to enn ein

9 Det er betre å vera to ¬enn ein,

dei får god løn for sitt strev.

10 For om dei dett, kan den eine

reisa opp den andre.

Men stakkars den som er Œleine!

Når han dett, har han ingen

til å reisa seg opp.

11 Når to ligg saman, ¬vert dei varme,

men korleis kan den einslege ¬verta varm?

12 Om nokon vinn over ¬den som er åleine,

vil to kunna stå seg mot han.

Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.

Livet er omskifteleg

13 Ein ungdom som er fattig, ¬men klok,

er betre faren enn ein konge

som er gamal og dum

og ikkje har vit ¬til å ta imot råd.

14 Ein som kom ut or fengslet,

vart teken til konge,

endå han vart fødd i fattigdom

medan ein annan styrte.

15 Eg såg korleis alle menneske

som ferdast ikring under sola,

gav seg i lag ¬med den unge mannen

som skulle koma ¬i kongens stad.

16 Det var ingen ende ¬på alt det folket

som han vart førar for.

Men dei som kjem etter,

bryr seg ikkje lenger om han.

Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Ver ikkje for snar med munnen!

17 Akta foten din ¬når du går til Guds hus!

Det er betre ¬at du kjem dit og høyrer

enn at dårar ber fram offer;

for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.