Ordtaka 30

Agurs visdomsord

1 Ord av Agur,

son til Jake frå Massa.

Så lyder ordet åt mannen:

Gud, eg er trøytt,

Gud, eg er trøytt og utmødd.

2 Eg er for dum ¬til å vera ein mann,

eg har ikkje vit ¬som eit menneske.

3 Visdom har eg ikkje lært,

eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage.

4 Kven har stige opp ¬til himmelen

og er komen ned att?

Kven har samla vinden ¬i si hole hand

og bunde vatnet i eit klede?

Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda?

Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans?

Det veit vel du?

5 Kvart ord frå Gud er reint.

Han er eit vern ¬for dei som flyr til han.

6 Legg ikkje noko til hans ord,

elles refser han deg,

og du står der som lygnar.

7 To ting vil eg be deg om,

dei må du ikkje nekta meg ¬før eg døyr:

8 Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg,

og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom,

men lat meg få den mat ¬eg treng!

9 Elles kunne eg verta så mett

at eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?»

eller verta så fattig at eg stal

og forbanna namnet Œt min Gud.

10 Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre;

elles vil han forbanna deg,

og du må bøta for di synd.

11 Det finst folk ¬som forbannar far sin

og ikkje velsignar mor si,

12 folk som er reine i eigne augo,

men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg,

13 folk som er stolte i blikket

– å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! –

14 folk som har sverd til tenner

og knivar i kjakane,

så dei et armingar ut or landet

og fattige ut or folket.

15 Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev».

Det finst tre ¬som ikkje vert mette,

og fire som aldri får nok:

16 dødsrike og barnlaust ¬morsliv,

jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn,

og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.»

17 Den som ser spottande ¬på far sin

og ikkje vil lyda mor si,

på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo,

og ørnungar skal eta dei opp.

18 Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg,

og fire som eg ikkje skjønar:

19 ørns flòg over himmelen,

orms veg over berget,

skips veg på havet

og manns veg ¬til ei ung kvinne.

20 Så ber ei trulaus kvinne seg åt:

Ho et og turkar seg ¬om munnen

og seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.»

21 Tre ting får jorda til å skjelva,

og fire kan ho ikkje tola:

22 trælen når han vert konge,

og dåren ¬når han får eta seg mett,

23 attergløyma ¬når ho vert gift,

og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24 Det finst fire ¬som er små på jorda,

og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25 Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk,

men om sommaren ¬finn han seg føde.

26 Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke,

og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27 Grashoppene har ingen konge,

men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28 Firfisla kan ein ta ¬med hendene,

og endå er ho i kongens slott.

29 Det finst tre ¬som går med stolte steg,

og fire som har ei fager gonge:

30 løva, kjempa mellom dyra,

som ikkje vik for nokon,

31 hanen som går ¬og bretter seg,

bukken fyrst i flokken

og kongen i brodden ¬for sitt folk.

32 Har du vore dum ¬og hovmodig,

så tenk deg om ¬og legg handa på munnen!

33 For trykk på mjølk gjev smør,

trykk på nase gjev blod,

og trykk på vreide valdar strid.