Ordtaka 29

Rettferdig styre

1 Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt,

han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast.

2 Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket,

når ein niding styrer, ¬sukkar folket.

3 Den som elskar visdom, ¬gleder far sin,

den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.

4 Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett,

den som syg det ut, ¬legg det i øyde.

5 Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin,

set eit garn for føtene hans.

6 Ein vond manns synder ¬er ei felle for han,

men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.

7 Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten,

men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.

8 Spottarar øser opp heile byen,

men vismenn får vreiden ¬til å stilna.

9 Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre,

vert det bråk og lått og inga ro.

10 Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann,

men dei ærlege tek seg av han.

11 Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne,

men ein vismann held det att.

12 Ein hovding ¬som høyrer på lygn,

får berre skarvar til tenarar.

13 Fattigmann og valdsmann ¬møtest,

Herren gjev begge augneljos.

14 Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig,

står hans kongsstol støtt ¬for alltid.

15 Ris og refsing gjev visdom,

men ein gut ¬som får gjera som han vil,

fører skam over mor si.

16 Får nidingar makta, ¬aukar synda,

men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade.

17 Tukta son din, ¬så gjev han deg ro

og gjer deg glad i hugen.

18 Utan openberring ¬fer folket vilt,

lukkeleg er den som held lova.

19 Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord,

han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.

20 Ser du ein mann ¬som er snar når han talar

– det er større von ¬for dåren enn for han.

21 Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av,

vert han strid og ulydig til sist.

22 Snarsint mann ¬valdar strid og trette,

den brålyndte ¬gjer mykje vondt.

23 Hovmod fører menneske ¬til fall,

men den audmjuke vinn ære.

24 Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv,

han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.

25 Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv,

men den som lit på Herren, ¬er trygg.

26 Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding,

men frå Herren ¬får mannen sin rett.

27 Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett,

ein styggedom ¬for dei gudlause

er den som lever rett.