Fattig og rik
1 Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei,
den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.
2 Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar,
men ein klok mann ¬kan styra lenge.
3 Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk,
liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren,
så det ikkje vert korn til brød.
4 Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause,
den som held lova, ¬går til strid imot dei.
5 Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett,
men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.
6 Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd
enn å vera rik ¬og gå krokvegar.
7 Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son;
den som held lag ¬med drikkebrør,
fører skam over far sin.
8 Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger,
samlar til ein som har medynk ¬med armingar.
9 Når nokon vender øyra bort
og ikkje vil høyra på rettleiing,
då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom.
10 Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar,
han fell i si eiga grav,
men det gode går i arv ¬til heidersmenn.
11 Ein rikmann er vis ¬i eigne augo,
ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han.
12 Når dei rettferdige jublar,
er det herlegdom og glede;
når dei gudlause ¬har framgang,
held folk seg borte.
13 Den som løyner sine synder,
går det ikkje vel;
den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne,
han finn miskunn.
14 Sæl er den ¬som alltid ottast Gud,
men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke.
15 Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørn
er ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk.
16 Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald;
den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge.
17 Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap,
han er på flukt mot grava,
og ingen må halda han att.
18 Den som er heil i si ferd, ¬vert berga,
men den som går krokvegar, ¬fell i grava.
19 Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett;
den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod.
20 Ein trufast mann ¬får rik velsigning,
men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom.
21 Det er ille å gjera skil på folk,
ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.
22 Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom,
og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.
23 Den som refser ein mann, ¬får sidan større takk
enn den som fer med smiger.
24 Den som røvar ¬frå far sin og mor si
og seier: «Det er ikkje synd,»
han er jamgod ¬med drapsmenn.
25 Den havesjuke ¬valdar strid og trette,
den som lit på Herren, trivst.
26 Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre,
men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.
27 Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud,
men den som ikkje ¬vil sjå nauda,
får mykje forbanning over seg.
28 Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte,
når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt.