Ein ven er trufast
1 Rosa deg ikkje ¬av morgondagen,
for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang.
2 Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv,
ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper.
3 Steinen er tung, ¬og sand veg mykje,
men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre.
4 Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum,
men kven kan stå seg ¬mot avundsykje?
5 Betre er openberr refsing
enn kjærleik ¬som ein held duld.
6 Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår,
men fiendens kyss ¬er svikefulle.
7 Den mette vrakar ¬den finaste honning,
alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.
8 Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret,
er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.
9 Olje og røykjelse ¬gleder hjarta,
så òg ein vens kjærleik
meir enn gode råd.
10 Gjev ikkje slepp på din ven
og på venen åt far din;
gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud.
Ein granne ¬som bur tett attmed,
er betre enn ein bror ¬langt borte.
11 Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta,
så eg kan svara ¬dei som spottar meg.
12 Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,
dei godtrune går på og ¬må bøta.
13 Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,
ta pant hjå han ¬for framand kvinne.
14 Når nokon med høg røyst
velsignar sin neste ¬tidleg om morgonen,
er det å rekna ¬som ei forbanning.
15 Si-drop frå taket ¬ein regnversdag
og trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.
16 Å stansa henne ¬er som å halda på vind,
som å gripa olje ¬med høgre handa.
17 Jern sliper jern,
og det eine mennesket ¬sliper det andre.
18 Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det;
den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.
19 Som andletet speglar seg ¬i vatnet,
kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.
20 Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette,
og menneskeaugo ¬får aldri nok.
21 Sølvet smeltar dei i digelen
og gullet i smelteomnen,
men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.
22 Om du støyter ein dåre ¬i morteren
og knuser han saman ¬med gryna,
går dårskapen likevel ikkje ¬av han.
23 Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut,
og syt vel for buskapen din!
24 For rikdom varer ikkje evig,
eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.
25 Når graset er borte ¬og håa kjem til synes,
og folk samlar ¬fjellgraset saman,
26 då har du lam ¬og kan få deg klede
og bukkar ¬til å kjøpa ein åker for;
27 du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus,
til livsopphald ¬for jentene dine.