Ein dårespegel
1 Som snø om sommaren ¬og regn i skurden,
så lite høver ære for ein dåre.
2 Lik sporv og svale ¬som flyg utan mål,
er grunnlaus forbanning ¬– ho råkar ikkje.
3 Som svepe til hesten ¬og taum til eselet
er ris til ryggen på dårar.
4 Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør,
elles vert du sjølv som han.
5 Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap,
så han ikkje vert vis ¬i eigne augo.
6 Den som sender bod ¬med ein dåre,
høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd.
7 Slappe heng føtene ¬på den lame,
så òg ordtak i munnen ¬på dårar.
8 Lik den som legg ein stein ¬i slyngja,
er den som gjev ein dåre ære.
9 Som klungergrein ¬i handa på drukken mann
er ordtak i munnen på dårar.
10 Lik ein skyttar ¬som sårar kvar og ein,
er den som leiger ein dåre,
eller folk som råkar til ¬å gå framom.
11 Lik hunden som snur seg ¬til sitt eige spy,
er ein dåre ¬som tek opp att sin dårskap.
12 Ser du ein mann ¬som trur han er vis,
er det større von ¬for dåren enn for han.
Den late idest ingen ting
13 Den late seier:
«Det er ei løve på vegen,
ei ungløve i gatene.»
14 Døra svingar på gjenga,
den late snur seg i senga.
15 Den late stikk handa i fatet,
men idest ikkje ta henne ¬til munnen.
16 Den late trur han er visare
enn sju som gjev kloke svar.
Sleipe lipper og vondskap i hjarta
17 Lik ein som tek tak i øyro
på ein hund ¬som spring framom,
er den som ryk opp i sinne
for ei trette ¬som ikkje kjem han ved.
18 Lik ein galen mann ¬som sender ut
brannpiler og drepande skot,
19 er den som har svike ein ven
og seier: «Eg gjorde det ¬berre for moro.»
20 Når veden er ende, ¬sloknar elden;
når baktalaren er borte, ¬stilnar tretta.
21 Det trengst kol til glør ¬og ved til eld
og trettekjær mann ¬til å skapa strid.
22 Ein baktalars ord ¬er som godbitar,
dei sig djupt ned ¬i kroppen.
23 Som sølvlag på ei leirskål
er sleipe lipper ¬og vondskap i hjarta.
24 Ein uven skaper seg til ¬med lippene,
men inni seg ber han ¬på svik.
25 Gjer han seg blidmælt, ¬så tru han ikkje,
for det er sju slag styggedom ¬i hjarta hans.
26 Jamvel om ein døl sitt hat ¬med list,
kjem vondskapen fram ¬når folket samlast.
27 Den som grev ei grav, ¬dett sjølv nedi,
den som velter opp ein stein, ¬får han over seg.
28 Den som talar ¬med falsk tunge,
hatar den han knuser;
ein sleip munn ¬får mange til å falla.