Det gjeld å styra sin hug
1 Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.
2 Det er Guds ære å dølja ei sak,
men kongars ære ¬å granska henne.
3 Himmelhøgd og jordedjup
og kongars hjarta ¬kan ingen granska.
4 Skil slagget frå sølvet,
så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det.
5 Før dei gudlause bort ¬frå kongen,
så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd.
6 Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på,
og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!
7 For det er betre ¬dei seier til deg:
«Kom og set deg her oppe!»
enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding.
Kva du så ser med eigne augo,
8 ver ikkje for snar ¬til å reisa sak!
For kva vil du gjera til sist
når nesten din ¬fører skam over deg?
9 Før di sak med nesten din,
men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom!
10 Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg,
og du får for alltid ¬uord på deg.
11 Som eple av gull i skåler ¬av sølv
er ord ein talar i rette tid.
12 Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint gull
er den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.
13 Som svalande snø ¬ein dag i skurden
er ein påliteleg bodberar ¬for sin herre,
han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.
14 Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn,
er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det.
15 Med tolmod ¬vert hovdingen overtald,
den milde tunga knuser bein.
16 Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng;
elles vert du for mett ¬og spyttar han ut.
17 Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven,
elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat.
18 Som hamar og sverd ¬og kvasse pil
er den som vitnar rangt ¬mot sin neste.
19 Som roten tann og ustø fot
er tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen.
20 Å syngja for den ¬som er sorgfull,
er som å kasta kappa ¬ein vinterdag
eller som å slå eddik på natron.
21 Er din uven svolten, ¬så lat han få mat,
er han tyrst, ¬så gjev han drikke!
22 Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud,
og Herren skal løna deg for det.
23 Nordavinden kjem med regn,
med baktale fylgjer ¬sinte andlet.
24 Betre å bu i ein krok på taket
enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.
25 Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupe
er godt nytt frå framandt land.
26 Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunn
er ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus.
27 Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt;
ver sparsam med rosande ord!
28 Lik ein øydelagd by ¬med nedriven mur
er ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug.