Lær guten den vegen han skal gå!
1 Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom;
å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.
2 Rike og fattige møtest,
Herren har skapt dei alle.
3 Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg,
dei godtrune går på og ¬må bøta.
4 Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev,
er rikdom og ære og liv.
5 På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer,
den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.
6 Lær guten den vegen ¬han skal gå,
så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.
7 Rikmenn rår over fattige,
den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.
8 Den som sår urett, ¬haustar vondskap,
riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.
9 Velsigning får den ¬som er god mot andre,
for han deler sitt brød ¬med dei fattige.
10 Jag spottaren ut, ¬så går tretta med,
og den skamlause striden ¬får ein ende.
11 Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta,
den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.
12 Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap,
men svikarens ord ¬gjer han maktlause.
13 Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute,
ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»
14 Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav,
den Herren er harm på, ¬fell nedi.
15 Vitløyse høyrer ungguten til,
men tukteriset ¬driv henne bort.
16 Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige,
gåver til den rike ¬gjev berre tap.
Gode og kloke råd
17 Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord,
rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.
18 Det er godt ¬om du gøymer dei i hjarta
og alltid har dei på lippene.
19 For at du skal setja ¬di lit til Herren,
forkynner eg dei for deg i dag.
20 Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for deg
med gode og kloke råd.
21 Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord,
så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.
22 Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig,
og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!
23 For Herren vil føra deira sak
og ta livet av deira ransmenn.
24 Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg,
og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,
25 så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegar
og setja ei felle for ditt liv.
26 Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslag
og borgar for folk ¬som har gjeld.
27 Når du ikkje har noko ¬å betala med,
kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?
28 Flytt ikkje gamle merkesteinar
som fedrane dine har reist.
29 Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid?
Han kan ta teneste hjå kongar
og skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.