Ordtaka 20

Rettferdig er den som er heil i si ferd

1 Vinen er ein spottar,

den sterke drikk ¬ein bråkmakar,

ingen som ragar av dei, er vis.

2 Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl,

den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.

3 Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen,

men kvar dåre yppar strid.

4 Den late vil ikkje pløya ¬om hausten,

i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.

5 Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta,

den som har vit, ¬kan ausa av dei.

6 Mange ropar ¬om sin eigen truskap,

men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

7 Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd,

og lukkelege er borna ¬etter han.

8 Ein konge som sit ¬i domarsetet,

skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.

9 Kven kan seia:

«Eg har reinsa hjarta,

eg er fri for synd»?

10 To slag vekt og to slag mål

er begge ein styggedom ¬for Herren.

11 Alt guten syner i si ferd

om livet hans vert reint og rett.

12 Øyra som høyrer, ¬og auga som ser,

er begge skapte av Herren.

13 Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig,

opnar du augo, ¬får du deg mat.

14 «Ringt, ringt,» seier kjøparen,

men skryter av handelen ¬når han går bort.

15 Det finst gull og perler ¬i mengd,

men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

16 Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,

ta pant hjå han for framande!

17 Godt smakar brød ¬som er vunne med svik,

men sidan fyllest munnen ¬med småstein.

18 Når ein held råd, ¬lukkast planane;

vis omtanke når du fører krig!

19 Den som baktalar, ¬spreier løyndomar,

gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!

20 Den som forbannar ¬far sin og mor si,

hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.

21 Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg,

gjev inga velsigning til slutt.

22 Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.»

Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!

23 To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren,

falsk vekt er av det vonde.

24 Det er Herren ¬som styrer mannens steg.

Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?

25 Det er farleg ¬å lova ei heilag gåve

og fyrst sidan tenkja seg om.

26 Den vise kongen ¬skil ut dei gudlause

og lèt hjulet rulla over dei.

27 Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe,

ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28 Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen,

han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29 Styrke er ein prydnad ¬for ungdom,

og grått hår ei ære ¬for den gamle.

30 Flengjer og slag ¬som sårar den vonde,

reinsar hans hjartekammer.