Den kloke har visdom for auga
1 Ein turr brødbit ¬i ro og fred
er betre enn festmåltid ¬med trette i huset.
2 Det kan henda at ein klok træl
får råda over ein uvisleg son
og får dela arven med brørne.
3 Sølvet smeltar dei i digelen
og gullet i smelteomnen,
men hjarto er det Herren ¬som prøver.
4 Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger,
lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk.
5 Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar,
den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff.
6 Barneborn er ei krone ¬for dei gamle,
og borna er stolte ¬av fedrane sine.
7 Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord,
enn mindre for ein stormann Œ lyga.
8 Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren,
kvar han vender seg, ¬går det han godt.
9 Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap,
den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.
10 Skjenn har betre verknad ¬på den vituge
enn hundre slag på dåren.
11 Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør,
men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.
12 Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar,
enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.
13 Når nokon løner godt ¬med vondt,
skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.
14 Å yppa strid ¬er som å opna for vatn.
Hald opp før tretta bryt laus!
15 Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdig
er ein styggedom for Herren.
16 Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren?
Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?
17 Ein ven viser alltid kjærleik,
og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.
18 Tankelaus er den ¬som gjev handslag
og borgar for nesten sin.
19 Den som likar trette, ¬likar synd;
og den som lagar ¬ei stor dør,
søkjer sin eigen undergang.
20 Det falske hjarta ¬finn inga lukke,
er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.
21 Sorg får den ¬som har ein dåre til son,
far til ein narr har inga glede.
22 Glede i hjarta gjev god helse,
mismod tærer på merg ¬og bein.
23 Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme,
med dei vil han rengja retten.
24 Den kloke har visdom for auga,
men dårens augo ¬når til heimsens ende.
25 Ein uvitug son argar far sin,
er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.
26 Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot,
men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.
27 Klok er den som sparer ¬på orda,
den kaldblodige ¬er ein vitug mann.
28 Når dåren teier, ¬går han òg for vis,
når han held munn, ¬gjeld han for klok.