Lat Herren ta seg av alt ditt verk!
1 Mennesket legg planar,
men ordet på tunga ¬kjem frå Herren.
2 Ein mann kan synast ¬at hans ferd er rein,
men Herren prøver ¬menneskeånda.
3 Lat Herren ta seg av ¬alt ditt verk,
så skal planane dine lukkast.
4 Alt det Herren har skapt, ¬har eit føremål,
gudløysings lagnad ¬er ulukkedagen.
5 Kvar hovmodig mann ¬er ein styggedom for Herren.
Ver trygg, ¬han slepp ikkje straff!
6 Med miskunn og truskap ¬vert synda sona,
den som har age for Herren, ¬held seg frå det vonde.
7 Har Herren hugnad ¬i ein manns ferd,
lèt han jamvel hans fiendar ¬halda fred med han.
8 Betre er lite med rettferd
enn stor vinning med urett.
9 I hjarta tenkjer mannen ¬ut si ferd,
men Herren styrer hans steg.
10 Det er kongens ord ¬som avgjer ei sak,
han tek ikkje feil ¬når han dømer.
11 Rett vekt og vektskål ¬krev Herren,
og alle vektlodd vedkjem han.
12 Nidingsdåd ¬er ein styggedom for kongar,
rettferd tryggjer trona.
13 Kongen likar rettferdige ¬lipper,
han elskar den som talar rett.
14 Kongens harme ¬ber bod om død,
men ein vismann ¬kan stilla harmen.
15 Når kongens andlet lyser, ¬er livet berga.
Hans velvilje ¬er som ei sky med vårregn.
16 Å vinna visdom ¬er betre enn gull,
å få vit er meir verdt enn sølv.
17 Den kongsveg dei ærlege går, ¬er å vika frå det vonde,
den som aktar på si ferd, ¬tek vare på livet.
18 Stormod fører til undergang,
hovmod står for fall.
19 Betre å vera audmjuk ¬med armingar
enn å dela hærfang ¬med dei stolte.
20 Den som aktar på ordet, ¬finn lukke,
sæl er den som lit på Herren.
21 Klok kallar dei den ¬som har visdom i hjarta,
veltalande ord ¬aukar eins lærdom.
22 Den som har skjøn, ¬har ei kjelde til liv,
dårskap er den lærdom ¬dårar får.
23 Visdom i hjarta ¬gjev klokskap i tale,
ein får meir og meir kunnskap ¬å bera fram.
24 Milde ord ¬er som drypande honning,
søte for sjela ¬og sunne for kroppen.
25 Om mannen meiner ¬at vegen er rett,
kan han likevel enda i døden.
26 Svolten får mannen ¬til å arbeida,
mathugen driv han fram.
27 Nidingen grev ei ulukkegrav,
det brenn som eld ¬på hans lipper.
28 Ein renkesmed skaper strid,
den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven.
29 Valdsmannen lokkar sin neste
og fører han inn ¬på ein farleg veg.
30 Når ein mann knip augo i hop,
tenkjer han på ¬svikefull gjerning;
og når han ¬pressar lippene saman,
set han ulukka i verk.
31 Grått hår er ein fager krans,
på rettferds veg ¬vert han vunnen.
32 Ein visleg mann ¬er betre enn ei kjempe;
den som styrer sin hug,
er betre enn den ¬som tek ein by.
33 Dei rister terningen i fanget,
men avgjersla ¬kjem alltid frå Herren.