Den velsigning visdomen gjev
1 Eit mildt svar ¬døyver sinne,
sårande ord vekkjer vreide.
2 Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap,
men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.
3 Herrens augo er alle stader,
dei vaker over vonde ¬og gode.
4 Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,
men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.
5 Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,
klok er den ¬som aktar på refsing.
6 I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom;
det den gudlause vinn, ¬går tapt.
7 Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap,
men dårens hjarta er ikkje rett.
8 Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren,
men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.
9 Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren,
men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.
10 Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen,
den som hatar refsing, må døy.
11 Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren,
kor mykje meir ¬då menneskehjarta.
12 Spottaren mislikar refsing,
til dei vise går han ikkje.
13 Glede i hjarta gjer andletet ljost,
men hjartesorg gjer motlaus.
14 Vitug mann søkjer kunnskap,
men dårar fer berre ¬med dårskap.
15 For ein arming ¬er dagane vonde,
men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.
16 Betre er lite med otte ¬for Herren
enn stor rikdom med uro attåt.
17 Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.
18 Bråsint mann ¬valdar strid og trette,
den langmodige ¬får striden til å stilna.
19 For den late er vegen ¬som eit klungergjerde,
men jamn er stigen ¬for dei ærlege.
20 Ein klok son ¬er til glede for far sin,
ein dum mann ¬vanvørder mor si.
21 Den tankelause ¬har glede av dårskap,
den vituge går beint fram.
22 Utan rådlegging ¬mislukkast planane,
men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.
23 Mannen gled seg ¬når munnen kan svara.
Kor godt med eit ord i rette tid!
24 For den kloke ¬fører livsvegen oppover,
og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.
25 Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige,
enkjer lèt han få ha si jord.
26 Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren,
men milde ord er reine.
27 Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr,
men den som hatar muter, ¬får leva.
28 Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar,
men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.
29 Herren er langt borte ¬frå dei vonde,
men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.
30 Lysande augo gjer hugen glad,
god bodskap gjev merg i bein.
31 Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet,
held ein gjerne lag med dei vise.
32 Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv,
den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.
33 Age for Herren ¬manar til visdom,
føre ære går audmykt.