Ordtaka 14

Visdoms og dårskaps veg

1 Kvinnevisdom ¬byggjer huset,

men dårskap ¬riv det ned med hendene.

2 Den som ferdast rett, ¬har age for Herren,

den som går krokvegar, ¬vanvørder han.

3 Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod,

men for vismenn ¬er lippene eit vern.

4 Utan oksar er krubba tom,

med sterke stutar ¬fylgjer stor avling.

5 Eit ærleg vitne lyg ikkje,

men falske vitne fer med lygn.

6 Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje;

for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap.

7 Hald deg borte ¬frå dumme menn,

du finn ikkje vit ¬på lippene deira.

8 Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg,

og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve.

9 Dårane spottar skuldofferet,

men velvilje rår ¬mellom ærlege folk.

10 Hjarta kjenner si eiga sorg,

og ingen annan ¬er med det i gleda.

11 Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde,

men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma.

12 Om mannen meiner ¬at vegen er rett,

kan han likevel enda i døden.

13 Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida,

og gleda endar ofte med sorg.

14 Den fråfalne får att for si ferd,

og ein god mann ¬held seg borte frå han.

15 Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt,

den kloke gjev akt på sine steg.

16 Den vise ottast ¬og skyr det vonde,

dåren går på ¬og kjenner seg trygg.

17 Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting,

den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt.

18 Det dei godtrune får, ¬er dårskap,

men dei kloke vert krona ¬med kunnskap.

19 Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode,

dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige.

20 Jamvel av vener ¬vert den fattige hata,

men mange er dei ¬som elskar den rike.

21 Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste,

sæl er den som har medynk ¬med armingar.

22 Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt,

dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap.

23 Alt strev fører vinning ¬med seg,

men tomt snakk gjev berre tap.

24 Dei vise vert krona ¬med rikdom,

dårars dårskap ¬er alltid dårskap.

25 Eit ærleg vitne bergar liv,

men ein svikar er den ¬som fer med lygn.

26 Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern,

og for hans born er det livd.

27 Age for Herren ¬er ei kjelde til liv,

ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

28 Mykje folk ¬er ei ære for kongen,

men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell.

29 Visleg mann har godt skjøn,

bråsinne er den største ¬dårskap.

30 Ro i hugen gjev kroppen liv,

lidenskap er som rotenskap ¬i bein.

31 Den som er hard ¬med ein arming,

spottar hans skapar,

den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud.

32 Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap,

i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd.

33 I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro,

men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne.

34 Rettferd lyfter eit folk,

men synd er ei skam for folka.

35 Kongen likar den kloke tenar,

men harmast på den ¬som skjemmer seg ut.