Ordtaka 10

På vitug manns lipper er visdom å finna

1 Ordtøke av Salomo.

Ein klok son ¬er til glede for far sin,

men ein uvitug son ¬er mor si til sorg.

2 Gagnlause er skattar ¬vunne med urett,

men rettferd bergar frå døden.

3 Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta,

men seier nei ¬når dei gudlause krev.

4 Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid,

men strevsam hand gjer rik.

5 Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren,

skam får den ¬som søv i skurdonna.

6 Over hovudet ¬på den rettferdige

kjem velsigning frå Herren,

men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

7 Velsigna er minnet ¬om den rettferdige,

men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8 Klok er den ¬som tek boda til seg,

men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9 Trygt går den ¬som er heil i si ferd,

men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10 Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade,

den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11 Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv,

men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12 Hat vekkjer strid og trette,

men kjærleik løyner alle brot.

13 På vitug manns lipper ¬er visdom å finna,

men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14 Dei vise samlar på kunnskap;

når dåren talar, er ulukka nær.

15 Rikmanns gods ¬er hans faste borg,

armod er ulukka for dei fattige.

16 Det den rettvise tener, gjev liv,

det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17 Å akta på tukt ¬er ein veg til liv,

den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18 Den som løyner hat, ¬har falske lipper,

ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19 Den som talar mykje, ¬syndar lett,

klok er den som tøymer tunga.

20 Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv,

det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21 Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange,

men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22 Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik,

eige strev legg ingenting til.

23 Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren,

den vituge gleder seg ¬over visdom.

24 Det den gudlause reddast, ¬kjem over han,

dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25 Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte,

rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26 Som eddik for tennene ¬og røyk for augo

er den late tenaren ¬for sin herre.

27 Age for Herren forlengjer livet,

men gudlause menn ¬får færre år.

28 Rettferdige menneske ¬har glede i vente,

men vona kverv ¬for dei gudlause.

29 Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege,

men ugjerningsmenn ¬går til grunne der.

30 Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt,

men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet.

31 Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt,

men falske tunger ¬skal skjerast av.

32 Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord,

falskt er alt ¬det dei gudlause seier.