Ordtaka 2

Det er Herren som gjev visdom

1 Son min, ta imot mine ord,

og ta vare på mine bod,

2 så du vender øyra til visdomen

og freistar å skjøna ¬med heile din hug.

3 Ja, berre kall på vitet,

og rop etter skjøn ¬med høg røyst!

4 Leit etter det som var det sølv,

grundig som når ein grev ¬etter skattar.

5 Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er,

og vinna kjennskap til Gud.

6 For det er Herren ¬som gjev visdom,

frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.

7 Han lèt dei ærlege ¬ha framgang,

er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.

8 Han vernar dei stigar ¬der retten rår,

og vaktar vegen ¬for sine trugne.

9 Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett,

på rettvise og all god framferd.

10 For du skal få visdom i hjarta,

og kunnskap ¬skal gjera deg glad.

11 Ettertanke skal vakta deg

og godt skjøn verna deg.

12 Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen,

frå folk som fer ¬med rang tale,

13 frå dei som går bort ¬frå dei rette stigar

og held seg til mørke vegar.

14 Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt,

og fegnast over ¬det vonde og vrange.

15 Dei ferdast på krokete stigar,

går seg bort på sine vegar.

Eit vern mot utruskap

16 Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone,

frå framand kvinne ¬som lokkar så fint,

17 ho som har svike ¬sin ungdoms ven

og gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud.

18 Huset hennar ¬sig ned til dødsriket,

vegen hennar ¬fører ned til dei døde.

19 Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att,

dei når ikkje fram ¬til livsens stigar.

20 Men visdom ¬skal hjelpa deg

til å fylgja den vegen ¬der dei gode går,

og halda deg på stigar

der dei rettferdige ferdast.

21 For dei rettvise ¬skal bu i landet,

dei ærlege skal få vera der.

22 Men dei gudlause ¬skal rydjast ut

og svikarane rivast bort ¬frå landet.