Salmane 147

Pris Herren, Jerusalem!

1 Halleluja!

Ja, det er godt å prisa vår Gud,

det sømer seg ¬med fager lovsong.

2 Herren byggjer Jerusalem

og samlar Israels spreidde folk.

3 Han lækjer dei ¬som har eit sundbrote hjarta,

og fetlar deira verkjande sår.

4 Han fastset talet på stjernene

og gjev dei alle namn.

5 Stor er vår Herre ¬og rik på kraft,

hans skjøn er utan grense.

6 Han held dei hjelpelause oppe,

og bøyer dei vonde til jorda.

7 Syng takkesong for Herren,

spel på lyra for vår Gud!

8 Han breier skyer ¬over himmelen,

syter for regn til jorda

og lèt graset gro på åsane.

9 Herren gjev føde til dyra,

til ramnungar som ropar.

10 Han bryr seg ikkje ¬om hestens styrke

og har ikkje hugnad ¬i snarføtt mann.

11 Herren har hugnad i dei ¬som ottast han

og ventar på hans miskunn.

12 Lovpris Herren, Jerusalem,

syng lovsong, Sion, ¬for din Gud!

13 Han gjer dine portbommar ¬sterke

og velsignar dine born.

14 Han gjev lukke og fred ¬i ditt land

og mettar deg ¬med den beste kveiten.

15 Han sender sitt ord til jorda,

ovsnøgt spring hans ord.

16 Han lèt snøen falla som ull,

strøyer ut rimet som støv.

17 Han kastar sitt hagl ¬som smular;

kven kan stå seg ¬for hans kulde?

18 Han sender sitt ord ¬og smeltar snøen,

lèt vinden blåsa ¬så vatnet renn.

19 Han forkynte sitt ord for Jakob,

sine føresegner og domar ¬for Israel.

20 Det har han ikkje gjort ¬for andre folk,

dei kjenner ikkje hans domar.

Halleluja!