Herre, mine augo er vende mot deg
1 Ein Davids-salme.
Herre, eg ropar til deg.
Skunda deg og hjelp meg!
Vend øyra til mi røyst ¬når eg ropar til deg!
2 Lat mi bøn gjelda ¬som røykjelse for deg,
mine opplyfte hender ¬som offer om kvelden.
3 Herre, set vakt for min munn,
vakta mine lippers dør!
4 Lat meg ikkje få lyst ¬til noko vondt,
til å gjera gudlause gjerningar
saman med ugjerningsmenn!
Deira beste mat ¬vil eg ikkje smaka.
5 Ein rettferdig mann ¬kan slå meg,
han tuktar meg i kjærleik.
Men gudlause skal aldri
få salva mitt hovud.
Alltid set eg mi bøn
opp mot deira vondskap.
6 Deira hovdingar skal støytast ¬nedetter berget,
og dei skal få merka ¬at mine ord var gode.
7 Som når ein pløyer ¬og velter opp jord,
skal beina deira strøyast ut
ved inngangen til dødsriket.
8 Ja, Herre, ¬mine augo er vende mot deg,
eg flyr til deg.
Lat ikkje livet mitt spillast!
9 Hald meg borte frå snara ¬dei set for meg,
frå fellene åt ugjerningsmenn!
10 Lat dei gudlause falla ¬i sine eigne garn,
medan eg går uskadd framom.