Salmane 137

Ved Babels elvar

1 Ved Babels elvar, ¬der sat vi og gret

når vi kom Sion i hug.

2 På piletrea der i landet

lét vi våre harper hanga.

3 Der bad dei oss syngja,

dei som heldt oss fanga;

dei som plaga oss, ¬kravde glede:

«Syng for oss av ¬Sions songar!»

4 Korleis kan vi syngja ¬Herrens song

på framand jord?

5 Nei, gløymer eg deg, ¬Jerusalem,

så lat mi høgre hand ¬verta gløymd!

6 Lat tunga hanga fast ved ganen

om eg ikkje minnest deg,

om eg ikkje set Jerusalem

høgare enn mi største glede!

7 Herre, kom Jerusalems dag ¬i hug,

og Edoms søner som sa: ¬«Riv ned!

Ja, riv ned til grunnen!»

8 Babels dotter, du som er herja,

sæl er den som gjev deg att

for det du har gjort mot oss!

9 Sæl er den ¬som tek dine småborn

og knuser dei mot berget!